Det vart spurt om hjelp til å kvalitetssikra nokre namn i framhaldsskuleklassen i Uskedalen 1964/65. Bakgrunnen er at Lars Wang og Leif Jarle Bergstø har vore på Bømlo og gjesta Odd Hauge, eigentleg frå Dimmelsvik. Dei fekk sjå eit fint bilete frå Framhaldsskulen med Peder A. Kjæland som lærar. Klassebilete vert lagt ut på uskedalen.no for mellom anna å sjekka namna. Odd Hauge var usikker på nokre namn. Dei var merka med spørsmålsteikn. No er namna retta. Takk for god hjelp.

1. rekkje f.v: Ingunn Onarheim, Liv Marie Enes, Helga Yri, Magnhild Eik, Anne Serine Flatebø, Anlaug Kroka, Vigdis Lie, Kirsten Kristiansen, Eli Stoknes.

2. rekkje f.v: Leif Ragnar Eik, Åge Magne Nerhus, Gjert Kåre Røssland, Anne Grete Eide, Liv Sunde, Torun Nerhus, Gerd Myklebust, Erling Sigmund Enes, Årstein Eik, Anders Kristoffersen, Peder A. Kjærland ( lærar ).

3. rekkje f.v: Johan Sunde, Odd Hauge, Terje Myklebust, Audun Gunnar Aarsand, Ove Raudstein, Oddvar Hauge, Magne Øyre, Terje Ljosnes, Bjarne Haugen, Magne Eik.

Oppdatering. Takk for tilbakemeldingar på feilskriving og rette namn. Namna vert korrigerte fortløpande.

Tekst: Lars Wang/Kristian Bringedal
Foto: Odd Hauge si fotosamling