HJELP!!! Eg vil ikkje bli drapsmann!
Svært lite refleksbruk blant mjuke trafikantar!
Siste vekene har eg kjørt til jobb i tida då det er mange fotgjengarar og syklistar langs vegen. Då arbeidsstarten min har variert litt frå morgon til morgon, har eg kjørt gjennom Uskedalen til litt ulike tider då det har vore mange ute, hovudsakleg på skuleveg. Både ungdomsskuleelevar, barneskuleelevar, elevar til den vidaregåande skulen og andre. Gåande og syklistar. Det er skremande å registrera at det berre er unntaka som er utstyrt med refleks. Dei fleste er lite synlege, ofte i mørke klede. Det lite kjekke overraskingane dukkar opp både langs vegen og ved kryssing av veg!
Eg har kjørt gjennom bygda om morgonen i vel 40 år. Aldri trur eg refleksbruken har vore dårlegare!! Etter samtalar skjønar eg at mange har gjort den same triste observasjonen; – også i andre bygder. Av barne- og ungdomsforeldre blir det også hevda at det er ei skremande oppfatning at det ikkje er kult å bruka refleks! Livsfarleg dumskap!!!
Fram med gode refleksar, folkens!! Sjekk at dei verkar godt! Dei taper seg som kjent med alder og vask!! Og for alt i verda: Ha dei godt synlege!
Tekst, illustrasjonsfoto og nett: Thor Inge Døssland