Hjarteveka vert markert i Uskedalen, 5. - 15. mai.
Uskedal Helselag ynskjer å markera Hjarteveka frå 5.- 15.mai. Til denne markeringa treng helselaget hjelp til produksjon av hjarter, for å pynta bygda vår. Alle fasongar og fargar vert mottekne med takk. Lever gjerne inn på Zjakk frisørsalong innan 1.mai. Målet med markeringa er fokus på aktivitet, inkludering og innsamla midlar til hjarteforsking.
Tekst/foto. Henta frå Facebook - Uskedal Helselag Nett: Kristian Bringedal