På 113 er det registrert 3 stk hjartestartarar i Uskedalen. Den eine av dei er på SPAR Uskedalen. Dagleg leiar, Gunn Mari Moberg, fortel til uskedalen.no at dei gjekk til innkjøp og montereing av hjartestartar i haust. Det vart gjort etter ei hending på butikken der ein kunde trong hjelp. Innkjøpet til ein kostnad rundt kr. 14 000,- er gjort gjennom SPAR kjeden. Hjartestartaren er plassert på kontoret. Alle tilsette har gjennomført kurs i livreddande fyrstehjelp med vekt på bruk av hjartestartar. Uskedal helselag har alt hatt oppe sak om bruk og plassering i Uskedalen. Dei vil mellom anna arbeida for at ein hjatestartar har ei plassering som gjer at alle kan finna og bruka den.

Gunn Mari Moberg syner fram hjartestartaren på SPAR.

Registrert på 113:

  • SPAR Uskedalen – næring
  • Oppdrettsanlegget på nordisda av Skorpo – næring
  • Privat hjartestartar på Skorpo

Så langt vi kjenner til, skal det også vera hjartestartar på desse lokasjonane:

  • SELSTAD/ Eidsvik eigedom – næring
  • Uskedal Aktivitetshus – kultur
  • Hagetunet – helse
  • Uskedal brannstasjon – utryking og beredskap

Uskedalen.no er takksam for merknader til dette innlegget , mellom anna om det er noko som bør førast til av viktig informasjon.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal