Kjellarkveld med live musikk er nytt. Kom og ver med. Styret i Uskedal Utvikling stiller med kaffi på kanna og litt å bita i. Anna drikke tek du med sjølv. Du kjem og går slik det høver best for deg. Fire Rustne Menn legg opp til eit variert program i 2 – 3 sett, det meste tilpassa kjellarlokala i Gamleskulen. Fyrste speling går i 19.30 tida. Neste rundt kl. 21.00.

Kjellarkveld med musikk er nytt og må sjåast på som ein prøve. Dersom det er god respons, kan det bli at ein inviterer inn andre grupper. Fire Rustne Menn ser på dette som dungad og frivillig arbeid for å skapa trivsel og få til aktivitet i kjellaren.

Tekst: Uskedal Utvikling
Foto: Arkiv - Jan Gjertsen
Nett: Kristian Bringedal