Historisk då Johannes Kjærland Selsvold vart døypt i Helgheim.
Dåpen i Helgheim i dag er truleg historisk. Så langt vi kjenner, må det vera fyrste gongen at det vert gjennomført ein kyrkjeleg dåp i Helgheim. Dåpsbarnet var Johannes Kjærland Selsvold. Foreldra eig og driv gard i Holmen på Døsslandsido. Det var fleire tilreisande gjester i dåpsfylgje. På 2. sundag i Openberringstida var preiketeksten henta frå Matteus, om Johannes og Jesu dåp. Organist i kveld var Rebekka Attramadal. Ho song Velsignelsen av Tore Aas som postludiet solo.

Det er tredje gudstenesta som no vart gjennomført i Helgheim. Før jul var det Lysmesse og Julegudsteneste, i dag ei forenkla famliegudsteneste med dåp. Julekonserten var også i Helgheim.
Det er noko meirarbeid med å gjennomføra ei gudsteneste i eit anna rom enn kyrkja. Utstyr med flyttast og monterast i ei rett kyrkjeleg ramme. Det går seg til. Den etterkvart velkjende skipsklokka vert brukt til klokkeklang.

Offeret gjekk til Stefanusalliansen, det som før hadde namnet Misjon bak jernteppe.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal