Historielaget vil dokumentera Noregs ungdomslag si landsstemne i Kvinnherad i 1973.
Uskedal historielag vil samla inn foto og anna arkivemateriale frå Noregs ungdomslag si landsstemne i Kvinnherad 28. juni – 01. juli 1973. Det er truleg den største frilynde stemna som nokon gong har vore skipa til i Kvinnherad. Ungdomslaga Husnes, Uskedalen, Rosendal og Omvikdalen var tilskiparar saman med styret i landslaget. Bjørgulv Eik frå Uskedalen var leiar i hovudnemnda. Ståle Eik var med i innkvarteringsnemnda. Per Myklebust saman med Marit Sofie var aktive i bunadsarbeidet. Sjå bilete på topp. Årsmøte i Noregs ungdomslag var i Husnes samfunnshus, som det vart kalla den gongen. I Rosendal var det bunadstog og hagefest ved Baroniet. Hovudstemna og stemnegudstenesta var i Uskedalen. Jon Leirfall var talar. Elles var det mellom anna leik og dans, asfaltdans, Kvinnherad kveld ved fjorden i Dimmelsvik og skalkefest.
Dersom du har arkivmateriale frå NU stemna i 1973, finn fram og send ei melding til Uskedal Historielag. Det kan vera:
- Foto og film
- Avisutklypp
- Program
- Notatar frå arbeid i nemndene
- Brevskifte
- Andre minne
Mobil: 915 31 487 – kristian.bringedal@gmail.com
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal