Historielaget syner samfunnsansvar - bokpakkar til Rosendalstunet og Husnestunet.
Uskedal historielag syner samfunnsansvar. I dag har Kristian Bringedal ( styret ) og Thor Inge Døssland ( skriftstyret ) vore innom Husnestunet og Rosendalstunet med bokpakke. Pakken inneheld dei tre bøkene i lokalbokserien Uskedalen – den nære fortida. Det er skrive helsing i bøkene som skal brukast på dagavdelingane og elles der det måtte høva. Bilete på topp syner ansvarlege for dagavdelinga på Husnestunet.
Mange av laget sine gode kjelder har budd eller bur på institusjonane. Elles vil mange kjenna seg att i mange av artiklane. Vi kjenner også til at lokale bøker ofte vert brukt til høgtlesing og som bakgrunn for samtale i grupper.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal/Thor Inge Døssland