Historielaget sel bøker ved SPAR fredag (14-17) og lørdag (11-15).
Særs gode julepresangtilbod desse dagane.
Komande fredag og laurdag vil representantar frå Uskedal Historielag vera på plass ved Spar Uskedalen. Der vil dei selja både utvandrarboka “Med von om ei betre framtid” og bok 2 og 3 i serien “Den nære fortida” med nyare Uskedalshistorie frå mange ulike tema.
Utvandrarboka er eit meisterverk av Torkel Stensletten, og den har fått særs gode tilbakemeldingar frå mange hald. Den handlar om personar med tilknytning til Uskedalen som utvandra til Amerika. Denne boka bør vera av interesse langt utanfor Uskedalsgrensene.
Gode tilbakemeldigar og særs godt salg har det og vore på bøkene i serien “Den nære fortida”. Mellom dei positive tilbakemeldingane, er det ekstra kjekt at ungdommar heilt ned i 20-åra, ja, yngre med, seier at desse var kjekke og interessante å lesa. Dei er også overraska over kor mykje ting i bygda har endra set på relativt kort tid. Denne interessa hadde faktisk ikkje skriftstyret forventa, og vi ser derfor at dette kan vera gode og meiningsfulle julepresangar til den yngre garde. Desse to dagane blir det eit spesielt julepresangtilbod på bøkene i serien. Då kostar ei bok 200 kr mot normalt 300 kr. Utvandrarboka kostar 450 kr, og begge kan betalast med kontantar eller vipps til 76 38 03.
“Den nære fortida” nr.1 er som kjent for lengst heilt utselt, og det er heller ikkje veldig mykje igjen av dei to siste bøkene. Historielaget har og klar artiklar til to bøker til Dei kjem hausten 2026 og 2027. Vi håpar det skal bli fleire og. Det er mykje interessant stoff å ta av.
Vi oppfordrar heile tida folk til å låna oss bilde og komma med gode tips til artiklar.
Velkomne til standen til historielaget på fredag og lørdag til ein god førjulsprat.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto