Ta med bilde til boksleppet 4. november.

Når Uskedal Historielag no er ferdige med bok 2, ønskjer dei å få inn fleire bilde som kan brukast i komande bøker og arkiv. Vi er svært takksame for alle bilde vi har fått inn. Det er heilt avgjerande for at vi skal kunna produsera slike bøker.
No oppfordrar vi alle til å leita i album, i skuffer og skap, og deretter låna bilde til laget. Vi er interessert i det meste, og sjølv om de kanskje tenkjer det ikkje er så aktuelt og at kvaliteten ikkje er god nok, så gløym det. Lever det til oss. Vi har også gode hjelparar som mest kan “trylla” med kvaliteten viss dei får låna originalen.
Ein fin anledning til å levera bilde til lån, er boksleppet som blir i Helgheim 4. november kl.12. Legg bilda i ein konvolutt med namnet på så får det dei tilbake etter at dei er skanna. Veldig fint viss de legg ved opplysningar om bildet/bilda. Det går også an å senda skanna bilde til thordossland@gmail.com.
Bildet over viser korleis det var i sentrale deler av Uskedalen i 1965.

Det er til stor og nødvendig hjelp viss de låner oss bilde. Vi er interessert i alle mogelege tema, men sidan nokon ønskjer “knaggar” å knyta det til, tar vi med kva det allereie er i gong arbeid med for komande bøker:

  • Livet rundt Mannsvatnet på 1950 og 60-talet
  • Strandstafetten
  • Kinodrift i ungdomslaget
  • Uskedalsdagane
  • Dugnadsvegen mot Matre
  • Uskedal Gjestgiveri
  • Kafè Anker
  • Rabben Feriesenter
  • Solheim Turisstasjon
  • Hermetikkfabrikken, Tippehuset og sildoljefabrikkane
  • Ungdomsklubben i ungdomslaget
  • Villendene
  • Speidaren
  • Kraftverka på Kjerland og på Klammeren
  • Sanddrift i Uskedalen
  • Gardsarbeid i eldre tider
  • 17. mai 1914
  • Skogplanting midt på 1900-talet.
  • Knotteproduksjon under krigen
  • Som publikum under OL i Oslo i 1952
  • Spelstykke i ungdomslaget.
  • Panneproduksjon og sommarhotell

Nedanfor kjem ei liste med ting vi har snakka om, men som vi ikkje er komne i gang med enno. Denne lista utvidar seg stadig. Kom med tips. Vi blir svært glade om nokon kjem med ferdigskrivne artiklar som kan brukast i bokserien vår.

  • Drosjane.
  • Forretningar og andre bedrifter i Uskedalen.
  • Losje Uskedølen
  • Byfolk om somrane
  • Skomakarane
  • Krigsseglaren
  • Fjellandsbøstemnet og andre misjonssteme
  • Skyttarlaget og skytebanen
  • Brannvesenet i Uskedalen
  • Uskedal søndagsskule
  • Slakteriet på Sanden
  • Fiskebilane
  • Uskedelingar på kvalfangst

Dette er noko av det som er aktuelt, men det er berre å komma med tips. Vi er også veldig glade om nokon kan tipsa oss om stoff til nokre av punkta ovanfor. Og sjølvsagt bilde. Alt set vi stor pris på.

Bok 2 er no klar til bokslepp i Helgheim. Både den og bok 1 (fjorårets) er i salg. Prisen er 300 for kvar bok, og det er berre å vippsa til 76 38 03 (Uskedal Historielag) eller betala til konto 3207.37.52026. Merk kva bok det gjeld. Om de ønskjer boka/bøkene tilsendt, må de hugsa fulstendig adresse og betala 90 kr. i tillegg.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Postkort frå Uskedalen 1965