Boksalg, loddsalg, song og musikk.

Både Uskedal Historielag og Uskedal Friluftslag er på plass med stand når Haustmaknaden opnar kl. 11 i morgon, laurdag. Historielaget fortel om arbeidet i laget, sel bøker i serien “Den nære fortida” og har førehandsalg av utvandrarboka “Med von om ei betre framtid” som blir lanset på boksleppet 18. oktober. I tillegg kan ein teikna seg som medlemmer i laget. Det kostar 200 kr, og i tillegg til at ein støttar arbeidet i laget, får ein reduserte prisar på aktivitetar og bøker. Berre neste månaden kan ein spara inn 150 kr pga redusert pris på utvandrarboka og gratis inngang på Jørn Øyrehagen Sunde 9. oktober.
Friluftslaget vil i tillegg til å fortelja om arbeidet i laget, selja lodd i vedlotteriet som blir trekt før jul, under Nissemarsjen/Lysmarsjen som laget arrangerer til Skårhaug-toppen.
På standen blir det også innslag av trekkspelmusikk og song.
På grunn av vermeldingane vert ikkje Uskedal Musikklag med som planlagt. Det blir truleg umogeleg med aktivitetar ute. Marknaden vert no konsentrert innandørs i Gamleskulen, kjellar og hovudetasje. Rapportane fortel om mange påmelde standar. (eiga sak)

Tekst og nett: Thor Inge Døssland