Uskedal Historielag inviterer til ny bildekveld på Stemneplassen i kveld, mandag, kl.19. I kveld vil dei frammøtte få sjå bilde frå folkelivet rundt Mannsvatnet, frå dei kjekke jonsokfeiringane som var ein tradisjon i bygda og mange kjekke bilde frå perioden med aktive speidarar i Uskedalen på 60- og 70-talet. I tillegg blir det vist nokre bilde som ikkje kjem inn under desse kategoriane. Det gjev ei spesiell oppleving når ein ser på desse bilda på storskjermen. Det er mulighet til å knyta kommentarar til dei.
Det blir ei uformell mimrestund rundt ein kaffikopp, og den vil venteleg vara i rundt halvannan time.
Historielaget håpar at mange tar turen.

tid