Uskedal Historielag markerer Utvandrarjubileet 2025 med bok og seminar. Eit framlegg til program vart lagt fram for pressa fredag i denne veka. Med i plangruppa er: Bokskrivar Torkel Stensletten, filmskapar Merethe Offerdal Tveit, Astrid Haugland ( skriftstyret ) og Kristian Bringedal ( styrleiar ). Sjå bilete på topp. Skriftstyret hjelper til i innspurten med boka, slik som korrekturlesing, kontakten med Åslaug Snilstveit i SALIKAT, førehandstinging og sal. Utvandrarboka på 500 sider er ikkje fullfinansiert. Det vert arbeidd med å finna ei løysing.

Styret tek ansvaret for Utvandrarseminar, lagt til laurdag 30. august. Progammet er for det meste på plass. Det vert innslag ved Torkel Stensletten, Julie Walker, Arne Sunde og Merethe Offerdal Tveit. Eit historisk lydklipp med farmar John Richardson frå Montana vert digitalisert og splet av på seminaret. Emigrantviser er ein del av dei kulturelle innslaga. Eit ferdig program med titlar og biografi vert kunngjort seinare.

Merethe Offer Tveit jobbar med film på heiltid. Med støtte frå Fylkeskommunen lagar ho film som skal på turne i Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken. Filmen skal synast på utvandraseminaret.

Alt dette og meir til vil du få høyra meir om på møte i Historielaget, måndag 31. mars kl. 18.00 på Stemneplassen. Møte er ope for alle, medlemer og andre interesserte.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Morten Nygård - Grenda