Historielaget har passert 600 medlemmer på facbooksida.
Uskedal Historielag har no 28 registrerte medlemmer.
Facebook er ein god informasjonskanal for ulike lag og grupper. Slik er det også for Uskedal Historielag. Laget oppretta facebook-side i juni for eit knapt år sidan. Denne blir mykje brukt til å senda ut informasjon om aktiviteten, og i tillegg kan medlemmene av sida vera aktive i arbeidet. I går passerte facebook-sida heile 600 medlemmer, og i skrivande stund er talet 602.
Viss de har venner på facebook som kan ha interesse av arbeidet i Uskedal Historielag, er det fint om de inviterer dei til å lika sida.
På årsmøtet i februar hadde Uskedal Historielag vore i drift i eit år. Det blei då bestemt at laget skulle vera ein medlemsbasert organisasjon der medlemmene betaler 200,-kr i årskontigent. Det kan betalast med vipps til 76 38 03 (Uskedal Historielag) eller til konto 3207.37.52026. I begge tilfelle bør ein merka med “Medlemskap”. I tillegg til å støtta arbeidet i laget, vil dei som er medlemmer i laget også få nokre medlemsfordeler.På årsmøtet blei det bestemt at medlemsfordelene i 2023 er slik:
- Kvart medlemskap vil gje redusert pris på 50,-kr på eit eksempar av bok 2 i serien “Den nære fortida” som kjem ut i haust. (For å unngå misforståingar understrekar laget at det ikkje er nok å vera medlem av facebooksida. Ein må ha betalt medlemskontigent til laget.)
- Tilbod om kurs i skanning, fotobehandling, registrering, innsamling av minnestoff og arkivering.
- Invitasjon til opne møte/turar med tema, inspirasjons- og læringsøkt
Bildet over er frå skannekvelden tirsdag denne veka. Elles er det aller meste av artiklane til bok 2 no klare til korrekturlesing, men skriftstyret ønskjer fleire bilde.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian O. Bringedal