Videosamtalane med nyare historisk stoff er svært populære!

I går la Uskedal Historielag ut eit nytt videointervju på facebook sida si. Der fortel Inger Lise Eidsvik om den gode og aktive ungdomsklubben som ho stod i bresjen for saman med Kirsten Rød i åra rundt 1980. Denne klubben hadde svært mange gode aktivitetar og var svært populær med stort oppmøte av ungdommar både frå Uskedalen og nabobygdene.
Historielaget har tidlegare lagt ut fleire lokalhistoriske videosamtalar på facebooksida si. Desse har vore særs populære og facebook fortel om høge visningstal der nokre har meir enn 2500.
Bildet over er henta frå ei av dei mange framføringane som ungdomsklubben stod for. Kjenner de att mange av dei?

Frå ei framføring: kjenner de dei to gutane med geita?

Desse videoane har blitt lagt ut:

  • Inge Lise Eidsvik var også i den første videoen. Då fortalde ho om song- og gjøglargruppa “Villendene”
  • Sigurd Myklebust greidde ut om oppbygginga av den første moderne verkstaden med bensinstasjon i Kvinnherad som no er Auto 88.
  • Bjørgulv Eik fortalde om Uskedalen Kino som var veldig populær på 50 og 60-talet.
  • Gunnvald Friheim fortalde om flinke og aktive barneleikarringar i ungdomslaget på 1960-talet.
  • Aslaug og Henrik Lyse fortalde om ein dramatisk fødsel på fjorden på veg til Stord i eit forferdeleg ruskaver saman med jordmor Fredsy Myklebust julaftan for vel 50 år sidan.
  • Bjørgulv Eik mimra om då han var stemnegeneral for den store landstemna til Noregs Ungdomslag som blei arrangert i Kvinnherad i 1973.
  • Kåre Magnus Rød fortalde om livet rundt hermetikkindustrien i Uskedalen som han har mykje kjennskap til.
  • Den siste som er lagt ut, er altså om ungdomsklubben. Det er er planar om at det skal komma fleire med tid og stunder.

Videoane ligg altså på facebooksida til Uskedal Historielag som no har vel 790 følgjarar.
Historielaget er svært interessert i bilde. Ta kontakt! (932 88 237 eller uhl.skrivar@gmail.com)

Fotoeigarar: Inger Lise Eidsvik/Nina Rød Eidsvik.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland