Er også interessert i bilde frå mange andre situasjonar.

For nokre tiår sidan var det storslåtte og flotte jonsokarrangement på Stemneplassen. Det starta som regel med langt tog, som oftast frå Texacoen (Brekketoppen). Jonsokbrudeparet var fremst i prosesjonen, og dei blei kjørt med hest og stolkjerre. Børgulv stilte med hest og var ofte kusk.
På bildet over han er det brorson hans, Audun, som styrer hesten i 1979, og brudeparet var Johan Henrik Lyse og Janne Guddal (g. Hjelmeland).
Vi er sikker på at det er bilde av mange fine jonsokbrudepar rundt om i heimane. Historielaget er veldig interessert i desse. Viss dei er skanna i bra kvalitet, så kan dei sendat til uhl.skrivar@gmail.com. Vi er også interessert i å låna dei for å skanna sjølv.
Historielaget er sjølvsagt svært interessert i å låna andre litt eldre bilde. Det kan vera frå alle mogelege tema. Vi nemner her: Uskedalsdagane, idrettslagsaktivitetar, gardsarbeid, ungdomsklubben, barnelaget og andre ungdomslagsaktivitetar, ja, om alt mogeleg.
Ta kontakt med skriftstyret: uhl.skrivar@gmail.com eller 932 88 237

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Fotoeigarar: Aslaug og Henrik Lyse