Det vert hesjedugnad på festivalområde måndag i neste veke, kl. 18.00.

Hesjedugnaden er ein flott og veldig kjekk tradisjon i forkant av Festidalen. Då møtest born og vaksne til særs hyggeleg fellesskap og tar del i pyntinga av det flotte og særprega festivalområdet.
Det er tydeleg at mange set pris på dette, for oppmøtet har kvart år vore godt, og stemninga under arbeidet har vore topp. Til ein skikkeleg dugnad høyrer også dei gode pratestundene og matpausen med. På hesjedugaden blir det i år som tidlegare år, servert lappar og saft.

Så møt opp på Dønhaug på mandag kl.18 og bli med på dette kjekke fellesskapet. Det passar både for unge og eldre!

Inngangsporten
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Helene H. Bjørnebøle