Uskedalen har lenge vore spart for herverk og pøbelstrekar. I går kveld skjedde ei hending ved Thaivogna og Gamleskulen som til og med kunne oppfattaste som trugande og skremande for dei som var på plassen. Mellom kl. 22 og 23 var det samla ungdomar på plenen. Etter ei tid var det aktivitetar som kom ut av kontroll med herverk, tilgrising, knusing og skadeverk. Innehavar av Thaivogna var på jobb og oppfatta hendinga som trugande. Nokre var komne opp på taket og sprang der. Eigar av vogna er på plassen no i dag og prøver å retta litt på skaden. Det er Uskedal Utvikling som elles driftar plassen. Uskedalen.no er ikkje kjend med omfanget av herverket og skaden, heller ikkje om eit bil på område har fått skade. Det beste er om ungdomen møter fram i dag, ryddar og tek ansvar for dei uverdige handlingane.

Det er gjort herverk på område rundt Thaivogna og Gamleskulen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat