Buasvingen på Uskedalsvegen er ein plass med mange bilulukker. Dette gjeld særleg for trafikken som går på ut mot Husnes. Vegen er ikkje sikra anna med ein 10 – 15 cm. høg murkant eller føringskant. Fallhøgda er 3 – 4 meter ned i naust og hyttenaust. Ulukka i dag føyer seg såleis inn i ei rekkje utforkøyringar over mange år. Det er ikkje meldt om personskade.

Ulukka vart meldt i 07 tida i dag morgon. Politiet var straks på plassen. Odda Bilberging vart varsla og møtte fram med tre bilar, to bilar frå Odda og den eine som er stasjonært i Uskedalen.

Representant frå Odda Bilberging ser på hendinga i Uskedalen i dag som ei ordinær berging. Bilen låg på taket og slik til at ein måtte bruka kranbil for å snu bilen og få den på hengar. Politiet stod for manuell trafikkdirigering. Berginga var avslutta kring kl. 10.30. Fylkesvegen var stengd ei tid mens bilen vart heist opp.

Det vart gjort mindre skader på hyttenaustet.

Uskedalen.no kjenner ikkje til om dette punktet på Fylkesvegen er prioritert i ny trafikksikringsplan. Det er ei hastesak, særleg også fordi vegen ikkje er sikra for gåande med gang og sykkelveg. Uskedalen.no har før skrive om mangelfull trafikksikring på denne strekninga.

Hendinga i dag morgon kunne fått eit alvorleg utfall dersom det hadde vore gåande person på inn gjennom Buasvingen.

Bilen med store skader er klar for levering på verkstad.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal