Med løyving frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vert det no laga parkeringsplass innom brua og langs vegen til Kalkstasjonen. Det vert gjort for å få ei betre parkeringsordning på Haugland der det ofte har vore mykje villparkering og kaos på utfartsdagane. Parkeringsplassen ligg straks over brua til venstre langs vegen. Plassen vert skilta og arealet vil avlasta noverande plass ved Elveeigarlaget si infotavle. Plassen vil vera klar for bruk innan kort tid.

Plassen er starten på turen til dei mest brukte fjella i Uskedalen.

Steinar Haugland, som er grunneigar og tilretteleggjar, fortel til uskedalen.no at prosjektet er todelt: 1. Parkeringsplass. 2. Toalett/utedo. Straks plassen er planert og reinska for torv, vil ein leggja ut massane. Arealet vil ha plass til 10 – 15 bilar. Dugnadsgruppa har teke på seg jobben med å byggja toalettet, ein god gamaldags utedo med borkledning slik det var før. Det vert ein tett utedo bygd over ein betongkumme. Kumme vert tømt med slambil. For å letta tilsyn og vedlikehald legg ein opp til å kle veggene innvending.

Bruken av plassen og tolettet vert gratis ettersom dette er bruk av midlar frå Bankstifitnga. For dei som vel å køyra inn til Kalkstasjonen, er det annleis. Her må ein rekna med P-avgift og betaling på VIPPS.

Midlane frå SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad er gåve etter søknad. Uskedal Utvikling er formell søkjar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal