Med endeleg vedtak i Kvinnherad kommunestyre i går er alt klart for å starta arbeidet med ny tømmerkai på Børneset. Tiltaket gjeld den kommunale delen av tømmerkaien.Total kostnad: 21 millionar kroner. Med ei ekstraløyving på 7,1 mill. kr er finansieringa sikra. Tidlegare løyving frå kommunen er på 4,8 mill. kr. Landbruksdirektoratet har løyvd 9,8 mill kr. Etter utlysing i DOFFIN basen går arbeidet til Byggservice AS.

Skissen syner eigartilhøva mellom Kvinnherad kommune og Skogeigarlaget.

I saksutgreiinga kjem det fram at Børnes tømmerkai er Kvinnherad kommune sin mest inntektsbringande kai. Kaien ligg i eit industriområde, gunstig plassert med tanke på støy til nærliggande bustadhus. Vidare er kaien ein viktig kai for vareleveranse til øysamfunn utanfor Uskedalen, og kan i tillegg nyttast som naudhamn for større fartøy.


Det er og ein viktig faktor at skogarealet totalt i kommunen er i overkant av 230 000 dekar, og av dette er ca. 50 % i dekningsområdet til kaien. Det er forventa eit årleg uttak av tømmer i dekningsområdet på 25 000 – 30 000 kbm. Det er lite alternative utskipingslokalitetar for dette tømmeret. Den næraste kaien, utan bruk av ferje, er i Odda, 60 km frå Børnes kai.

Fleire av representantane i kommunestyret hadde ordet i saka og det vart understreka kva verdi denne kaien har for skogbruksnæringa og for samfunnet generelt. Det vart også spurt om ferdigstilling av pågåande arbeid med reguleringsplan i område.


Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal