På Uskedal Helselag sitt temamøte om demens vart det synt til noko som heiter Demenskart for Kvinnherad. Oversikten syner kor mange som er registrert med diagnosen demens i 2025 og vidare ein prognose med framskriving av tal i 2050.

  • Det er registrert 369 personar med demens i 2025. Statistikken syner 97 nye tilfelle kvart år.
  • I 2050 er tala framskrivne til 596. Nye tilfelle har auka til 153. Det er utgjer 5 % av en samla folkemengda i kommunen.

Medlemer i helselaga ( Nasjonalforeningen for folkehelsen ) mottek i desse dagar eit skriv om støtte for å løysa demensgåta. Skrivet handlar mest om målstyrt behandling av alzheimer. Overskrifta er: Vil du gje oss BRIKKA som manglar.

Kvart år får 10 0000 norske kvinner og menn ein demensdiagnose. Talet er dobla om nokre tiår. I skrivande stund finst det ingen kur for alzheimen og andre demenssjukdomar. Difor er forsking viktig i arbeidet for å stoppa det som alt er ein folkesjukdom.

Teskt/nett: Kristian Bringedal
Foto: Nasjonalforeningen fo folkehelsen