Seniortrimmen som Uskedal helselag står for, er godt i gang etter nyttår. I dag var tredje trening, og 9 damer og 1 mann var samla til viktig og god helsetrim. Det er Eli Roseth Eik som leiar treningane, og det føl eit fast, innspelt program som er utarbeidd av fysioterapeutar. Det er eit godt og variert program som styrkjer ulike deler av kroppen. Det er ingen krav til kle eller utstyr, og treningane er kvar mandag frå kl.11 til 12 i Gamleskulen.

Tøying, strekking og ulike bevegelsar gjer svært godt!

Leiar i Uskedal helselag og leiar for helsetrimmen, Eli Roseth Eik, seier at dei håpar at det skal koma endå fleire på helsetrimmen, og dei har tidlegare hatt treningar med mange fleire enn i dag. Dei som ønskjer det, kan også koma og ta ein “prøvetime” slik at dei får kjennskap til korleis treningane er. Tilbodet er gratis for helselagsmedlemmer, og dei har manualar(vekter) til utlån.

Smittevernet er godt ivaretatt.
– Meteren kjem av seg sjølv på grunn av armsvingen i øvingane, og handsprit er det rikeleg tilgang på, seier Eli Roseth Eik om den saka.

Eit svært godt tiltak er det både for kvinner og menn. Denne form for trening er ekstra viktig når vi blir eldre. Deltakarane på helsetrimmen fortel om svært gode erfaringar når det gjeld dette.
Då er det berre å henga seg med! Viss ein er usikker, kan ein i allefall bli med på ein “prøvetime”. Det føregår altså i Gamleskulen på mandagar frå kl.11 til 12.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland