Den årlege helselagsturen gjekk til Odda og Tjødnadalen Gard. I fjor var turmålet Onarheim og Haaheim Gard på Tysnes. Langhuset og kyrkjebygget til Lothepus var ny oppleving for mange av dei 40 medlemene som var med på turen. Det same må ein sei om Tjødnadalen Gard.

Kaffi og kake i Langhuset.

Bygningsmassen hos Lothepus har eit norrønt preg med vel 2 meter høge dragehovud. Inspirasjonen er henta i Borgund, Urnes og frå Oseberg. Langhuset er ein restaurant. Kyrkjebygget fungerer som resepsjon. På Campingen finn vi mellom anna 10 særprega hytter, leikeplass og oppstillingsplass for bubilar.

Andreas Gavle fortel om drifta på Tjødnadalen Gard.

Tjødnadalen Gard med avkøyring frå Hildal, er ein besøksgard med selskapslokale, lokal mat, galleri og museum. Eigar Andreas Gavle kom til plassen i 1991 og starta restaurering og opparbeiding av veg frå riksvegen og fram til tunet. Det siste er påbygg med uteplass og museum/galleri i kjellaren.

Gavle har vore anleggsarbeidar og bilmekanikar. Alt arbeidet gjer han sjølv, anten det er som handverkar eller som maskinarbeidar. Totalt er det investert for om lag 25 millionar kroner på Tjødnadalen Gard.

Astrid Haugse og Eli Roseth Eik var turleiarar.

Turfylgje samla på tunet på Tjødnadalen Gard.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal