Helselagsquizen ligg ute i heile pinstihelga.
Quiz med 10 oppgåver heng ute i turvegen Dønhaug – Geilo – rundt Neset – båthamna/campingen og langs elva. Dersom du ikkje alt har prøvd deg på oppgåvene, har du enno tid. Postane ligg ute i pinsehelga. Siste dag er 2. pinsedag måndag 24. mai. Ta med papir og blyant og finn rette svar på spørsmåla. Send svar til Uskedal helselag v/ Eli Roseth Eik.
Alle som er med og er registrerte med svar, er med i trekkinga av ei fruktkorg. I tillegg vil 10 deltakarar motta trøystepremie.
Nasjonalforeningen for folkehelsen sin Quiz erstattar den årleg hjartemarsjen, noko som ikkje let seg gjennomføra grunna Covid-19 situasjonen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal