Helselagsmøte med tema Musikk og helse - tysdag 5. mars kl. 19.00 i Gamleskulen.
Uskedal helselag inviterer til ope møte i Gamleskulen i morgon, tysdag 5. mars, kl. 19.00. Program: Kristian Bringedal og Svein Rimestad fortel frå deltaking på musikk- og helse-konferansen i Bergen 19. januar. I oppsummeringa vert det fortald om den gode verknaden musikk og rytme har på helsa. Det vert synt til gode døme og prosjekt frå andre kommunar i landet. Rustne Menn vil framføra nokre songar for å syna korleis dette kan fungera. Alle er hjarteleg velkomne!
Tekst: Uskedal helselag Foto: Frå Vestlandshuset Nett: Kristian Bringedal