
Helselaget sel lodd til basaren ved Spar dei to komande helgane
Musikklaget spelar fredag kl.16.
Helselagsdamene førebur den tradisjonsrike basaren i Helgheim søndag 30.3. Dei har fått inn masse flotte gevinstar på bok, og vil vere ved Spar og selje lodd både komande fredag/laurdag og neste helg. Fredag f.k. frå kl.16 og litt utover kan de kjøpa lodd til valse- , polka- eller marsjtakt. Då er nemleg musikklagsgjengen på plass.
Det raude teltet vert fylt med gevinstar, loddbøker, vaflar/lappar, kaffi m.m. Helselagsdamene ynskjer alle velkomne innom.
Dersom nokon ønskjer å gje åregevinstar til basaren, er dei veldig takksame for det!
Dokka over har vanvittig mykje flotte kle. Dessverre måtte vi kutta det i bildet pga formatet vårt.

Tekst: Uskedal Helselag og TID
Foto: Helselaget
Nett: Thor Inge Døssland