Uskedal Helselag planlegg busstur til Tysnes 31. august 2024. Helselaget spanderer reisa som takk for god hjelp og støtte til aktivitetane våre, både til medlemmer og andre gode hjelparar. Vi vil gjerne yta noko tilbake til dykk alle, så dermed arrangerer vi denne turen. Helselaget dekkjer reisekosnader, og så har vi planlagt lunsj/middag med dessert på Håheim gard. Dette dekkjer kvar sjölve til ein pris av kr. 525,- pr person. Drikke kjem utanom denne prisen.

Program ellers er framleis under utarbeiding, men det er planlagt eit stopp med kulturelt innslag. Dette vert annonsert på facebook sida til Uskedal Helselag etterkvart, og direkte til dei som har meldt seg på. Det er begrensa antal plassar, så det kan vera lurt å melda seg på alt no, med SMS til Eli Roseth Eik på mobil 95786228.

Helsing Elin, for Styret i Uskedalen Helselag.

Tekst: Elin Legland
Foto: Håheim gard
Nett: Kristian Bringedal