Uskedal Helselag melder at ein legg opp til opning av Koronakafeen anten 17. eller 24. august. Endeleg opningsdato vert bestemt med det fyrste. Med bakgrunn i søknad vart helselaget i 2020 tildelt midlar frå DAM stiftinga for å gje eit sosialt tilbod i ei tid då mange aktivitetar har vore sett på vent. Koronakafeen var aktiv nokre tysdagar i oktober 2020. Auka smitte førte til at kafeen vart mellombels stengd. No vil ein prøva på nytt.

Koronakafeen er eit gratis tilbod for brukarane. Frivillige medlemer i Helselaget står for matserving. Smittevernreglane med mellom anna meterregelen gjeld framleis. Gamleskulen er møblert med kafebord og god plass mellom stolane. Ei vesentleg endring sidan oktober i fjor og august i år, er at dei fleste av kafegjestene er vaksinerte.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Uskedal helselag