Helselaget med eigen strikkefestival - i Skånevik 17. og 18. april.
Uskedal Helselag arrangerer eigen strikkefestival. Vi legg opp til to dagar i Skånevik, der ein kan vere med ein av dagane eller to dagar, med overnatting om ein vil. Vi gler oss til ei ny og spennande oppleving, og håpar du har lyst å vere med.

Viktige moment:
Du bestemmer sjølv når du vil vere med og kor mykje du vil vere med på.
Skånevik Fjordhotell er base. Moglege aktivitetar og tillegg til program blir annonsert her. Det er enkelt å setje bilen på Utåker eller i Matre og ta ferja til Skånevik, buss er og mogleg. Målet er sosialt samvær, strikking og håndarbeid etter ønskje og hyggelege timar saman.
Program:
Fredag 17. april
Ferje frå Utåker 1445 eller 1615 (via Matre, for ekstra langt «strikkecruise») eller 1745. Ankomst Skånevik med tid for å sjekke inn på hotellet, utforske garnbutikk og andre butikkar, bade, gå tur eller strikke. (Sjølvsagt kan ein kome tidlegare om ein vil).
1830 Pizzabuffet og sosialt samvære med Skånevik Helselag på Skånevik Fjordhotell
Laurdag 18. april
Frukost på Skånevik Fjordhotell
Tid for å utforske garnbutikk og andre butikkar, bade, gå tur eller strikke
1230 Lunsj med gulrotsuppe og foccatia på Skånevik Fjordhotell
Ferje frå Skånevik: 1345 eller 1445
Overnatting:
Overnatting Skånevik Fjordhotell, inkludert pizzabuffet, frukost og lunsjsuppe:
Enkeltrom kr. 1275,- pr person
Dobbeltrom kr. 1075,- pr person
Trippelrom kr. 975,- pr person

Mat:
Fredag kveld er det pizzabuffet, der ein kan ete så mykje ein vil av pizza og salatar. Laurdag blir det servert gulrotsuppe og foccatia til lunsj før vi reiser heim. All mat er inkludert om ein overnattar.
Pizzabuffet fredag kveld på Skånevik Fjordhotell: kr. 200,- pr person
Lunsjsuppe lørdag på Skånevik Fjordhotell: kr. 125,- pr person
Sjøkanten trivsel:
Oppvarma utebassenget ved hotellet. Vi kjem attende til prisar og opningstider.
Påmelding:
Kontakt Elin Legland på 40468000 eller Bente Gundersen på 97150709.
Påmeldingsfrist 14.4.26.
Tekst/foto: Uskedal Helselag Nett: Kristian Bringedal