Helselaget gjer klart julepakkane.
Uskedal helselag er inne i innspurten med julepakkane. På medlemsmøte i kveld vart 50 julepakkar gjort klar for levering til Valen sjukehus. Tidlegare har helselaget vore på sjukeheimane med juleblom til brukarar frå Uskedalen. Alle heimebuande frå 90 år og oppover får levert blom på døra. I kveld vart møte avslutta med laffi, gløgg, pepperkakeer og klementiner.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Randi Myklebust Nybakk