
Helselaget er klar for ei veke med "Hjartemarsj".
Uskedal helselag har hengt opp “Hjarte-marsj-quiz’en” til Nasjonalforeningen for folkehelsen og inviterer til ein fin tur gjennom sentrum, og ein Quiz med fokus på folkehelse. Løypa går frå Gamleskuleplassen og ned langs elva, via campingen, båthamna, stranda og opp Geilo og endar i aktivitetsparken.

Det er 10 postar med spørsmål, og ein kan starta midt i løypa om ein vil. Postane er nummerert, og det ligg svarkort ved spørsmålskorta. Det er mogleg å ta med seg eit svarkort og skrive på, eller ta bilete av svarkortet og ta med. I tillegg går det og an å skrive på eit vanleg ark om det er tomt for svarkort.
Svara dine sender du på SMS til mobil 40468000, eller legg i den kvite postkassen til Helselaget som vi set ut på Spar innan 12.05.25. Husk å skrive namn, og gjerne mobilnummer.
Vi deler ut to premiar: Vi trekkjer ut 1 vinnar av dei som har alle svara rett, og 1 vinnar blant alle som har levert inn svar.
Meir info om Folkehelseveka og Nasjonalforeningen for folkehelsen finn de her:
Tekst/foto: Uskedal helselag Nett: Kristian Bringedal