Helselaga i Rosendal og Uskedalen saman om Helsesista som har fokus på psykisk helse for ungdom.
Helsesista er eit arrangement i Rosendal onsdag i denne veka. Rosendal helselag har regien. Helselaget i Uskedalen hjelper til med servering og praktisk arbeid. Målgruppa er elevar på Rosendal ungdomsskule. Fokus er psykisk helse og det å ta vare på kvarandre. Føredragshaldar er Tale Maria Krohn Engvik, på ungdomsskulen på dagtid og for vaksne på kveldstid. Ebba Hermann-Fossli frå Uskedalen ( sit som nr. 2 f.v. ) er medlem i elevrådet. Ho var med på pressekonferansen i førre veke. Det same var Randi Nybakk ( nr. 4 f.v. ) frå Uskedal helselag. Ebba meinar psykisk helse med vekt på inkludering og utanforskap er viktig og svært aktuelt. Føredraget for vaksne på kveldstid er lagt til Rosendal samfunnshus.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Eli Hårklau - Grenda