Atter ein gong kjem legendane frå Ål galopperande til gards. Det er muskuløs bygderock. Det er snerrande folkrock. Og det er knakande god kåntri. Det er rett og slett fordømt solide saker. Og swingande som svansar i slåtten. Hellbillies meistrar å ligga midt i hjarta av det musikalske landskapet. Mellom Springsteen, Creedence og Rogers. Mellom sumpblues og sørstatsrock. Med grom lyd. Saftige tekstar – drypande av kvardagsfilosofi, som treff både by- og bygdasjeler. Hellbillies er hogd inn i nasjonalidentiteten.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal