I denne veka vert det arbeidd med nytt kjølerom og ny trapp ute ved Helgheim. Det er to av tre prosjekt, med god støtte og gåve frå SpareBank 1 stiftinga Kvinnherad, Uskedal Ungdomslag gjennomfører for tida. Den totale gåvesummen er på kr. 270.000,-. Det gamle kjølerommet er demontert. No kjem det nytt kjøleaggregat, nye vegger og ny dør. Arbeidet vert gjort av verksemda Rett temperatur ved Roy Døssland. Veggene vert levert frå Fresvik Produkter. Aggregatet kjem frå Moderne Kjøling.

Trappa inn til Helgheim var nedsliten. No kjem det ny og forsterka trapp.

Betongtrappa ute treng ei total renovering. Knut Erling Bakka står for arbeidet med forskaling og betong. Heile trappa vert ny og forsterka med jern før støyping.

Det tredje prosjektet i Helgheim handlar om renovering av handikaptoalettet oppe. Det er ferdigstillt.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal