Helgheim frå 1934 er eit av fleire ungdomshus i Kvinnherad, utvida og renovert mange gonger. Med mellom anna støtte frå SpareBank 1- stiftinga Kvinnherad let det seg gjera å halda huset i god stand ute og inne. Det siste no er isolering og ny bordkledning på kortveggen mot sør.

Det er leigd inn arbeidskraft frå Sandvoll Trelast. To mann er i arbeid. Etter riving av gamal bordkledning vert veggen isolert, plata og lekta før ny bordkledning kjem på plass. I tillegg skal det koma nye vannstokkar og ein vil sjå over taket for evt. å finna råte etter lekkasjar. Den uisolerte veggen har til no vore eit varmesluk. Med dette arbeidet vil ein spara store kostnader på straum.

Det er ei gåve frå SpareBank 1 – stiftinga på kr. 186.000,- som vert brukt til denne renoveringa.

Elles kan det seiast at gangen oppe er målt, i dei same fargane som salen.



Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal