Den kommunale gartnaren, Helge Naterstad, sviktar ikkje Uskedalen med tilsyn, rydding og reinsking av ugras i blomebeddet ved Busslomma. Kvar 3 – 4 veke er han på plass. I det fine veret, som har vore dei siste veke, er det kjapt å jobba seg gjennom det langstrakte beddet. Ei av oppgåvene er å sjå til at veksten ikkje vert for høg. Då kan det vera vanskeleg med sikten ved utkøyrsle frå skulen. Helge Naterstad har også saman med sommarhjelp ansvaret for uteområde ved Rådhuset, Rosendalstunet, Husnestunet og ved Ølve Anderspensjonat. Han vil at det skal vera rydd og orden og at roser, stauder og planter skal ta seg fint ut.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal