Heis flagget på 8. mai og ver med og marker fred og fridom.
Frigjerings- og veterandagen 8. mai er offisiell flaggdag. Det er venta mange gjester til Uskedalen, mellom anna tilreisande frå Randaberg og Bømlo. Nokre av slekta og etterkomarane etter Torger Olsen Feet har tinga overnatting på Dønhaug Gjestegard. Uskedal Friluftslag oppmodar alle som kan, om å heisa flagget og på den måten markera freden og fridomen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto