Dette er ei melding frå Uskedal Idrettslag: Heio-cupen i morgon er flytta til Kunstgrasbanen. Sidan det er trongt om plassen, vert det parkeringsvakter ved innkøyrslene. Ingen må flytta på utstyret som er montert i kveld. Banane er på plass og er klare for bruk i morgon frå kl. 10.00. Viktig at alle let banane vera slik dei står. I første omgang skal ein parkera ved kunsten, barnehagen og skulen. Deretter ved Grano og Spar. Toaletta vil vera i Aktivitetshuset. Det er desse toaletta som skal brukast. Det er ikkje ope for leik i Hallen. Kiosken er ved kjøkkenet på skulen. Vel møtt til ein fin fotballdag.

Tekst: Uskedal Idrettslag
Nett: Kristian Bringedal