Røysterett for Alle og saman med Husnes Blandakor er heime att frå ei strålande korhelg på Lofthus. Kora hadde ein travel laurdag med innslag på heile tre konsertar. Musikalsk leiar, Maria Malmsten, fortel til uskedalen.no at straks etter frammøte var det Singers corner der kora song tre songar. Så var det inn i ungdomshuset Krossvoll der dei to kora frå Kvinnherad framførte fem songar. Konsertrekkja vart avslutta i den gotiske Ullensvang kyrkje frå om lag år 1300. Her var det framføring av fire songar.

Frå konserten i ungdomshuset Krossvoll.

Det som før var store korstemne på fylkesnivå, er no oppdelt i mindre korsamlingar. Eit kortreff går over to dagar med songarfest laurdag kveld. Dei 11 påmelde kora song for kvarandre og har elles innslag på festen. Røysterettfor Alle og Husnes Blandakor song to songar på kvelden

Det sosiale er viktig på alle korstemne. God drøs, mat og drikke høyrer med. Nokre av koristane nytta seg av badeanlegget på det vakre og storslagne Ullensvang hotell.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat