
Heile 160 registreringar i turboka på Skårhaug - om ei veke er det trekking.
Innan utgangen av månaden må du vera registrert i ei av dei tre turbøkene for å vera med i Uskedal utvikling sin trimkonkurranse. Det populære tiltaket for å koma seg ut på tur er i innspurten.
Turmåla er:
- Flåtene: Hugs at turboka er ved brua over Eikeelva, ikkje i gapahuken.
- Kalkstasjonen – Haugland
- Skårhaug: På toppen 49 meter over havet
Ei kjapp oppteljing i dag på Skårhaug syner at det i overkaant av 160 registreringar i det nye året. Kom og ver. Du har ei veke på deg. Trekking frå kvar bok. Fine premiar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkiv