Etter heile 35 år i Brødrene Hjønnevåg AS vart Irene Bjørsvik nyleg heidra med Medaljen for lang og tro tjeneste, ei offisiell utmerking frå Det Kongelige Selskap for Norges Vel. Medaljen vert tildelt arbeidstakarar som har vist særleg lojalitet og innsats gjennom mange år i same verksemd. På ei sosial samling for alle tilsette 5. november bar Marit Hjønnevåg, dagleg leiar hos Hjønnevåg, fram denne helsinga:

F.v: Marit Hjønnevåg, dagleg leiar i Hjønnevåg , og Irene Bjørsvik.

Gode Irene,

Akkurat i dag er det 35 år sidan din fyrste arbeidsdag hos oss, det er rett og slett imponerande! Desse åra har gått snart. Det er ikkje mange som kan seia dei har laga fiskekaker i tre forskjellige tiår og framleis smile like breitt! Du har stått på med pågangsvilje, styrke og godt humør, og du er ein viktig del av gjengen her og utviklinga som Hjønnevåg har hatt i desse 35 åra.

I dag vil vi takka deg for 35 år med arbeidsglede, lojalitet og innsats. Rett og slett for at du er du! Det er ei glede å overrekke deg Medaljen for lang og tro tjeneste.

Gratulera Irene, takk for innsatsen så langt, vi ser fram til resten av reisa i arbeidslivet ditt saman med oss.

Tekst/ foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringdal