I kveld var dei frivillige hjelparane på Kafe Tiaren samla til juleavslutning i Gamleskulen. Styret i Uskedal Utvikling inviterte og takka alle for arbeidet alle legg ned for å halda den sosiale møteplassen på kafeen i drift. Gunn Mari Moberg sa fram helsing og understreka at utan dei 24 kafevertane på lista, hadde ikkje Kafe Tiaren eksistert. Det vart servert snittar og kake, kaffi og julebrus. Alle fekk blom med heim. Tysdag 13. desember er siste kafesamling før jul. Då er Rustne Menn med og syter for vakker julemusikk. Ei anna frivillig gruppe, dugnadsgruppa, har tidlegare vore samla til ei tilsvarande markering, noko vi vil skriva om i eit eige innlegg.

Alle fekk juleblom som takk for eit stort frivillig arbeid på Kafe Tiaren.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal