Mange vil merka at frå 1. november tek noverande redaktør i Grenda, Håvard Søtrevik, til i ny stilling som informasjons- og kommunikasjonsrådgjevar i Kvinnherad kommune. Sætrevik vil ha ansvaret for den daglege drifta av kommunen sine sosiale kanalar med aktuelt kommunalt stoff og strategisk plan- og omdømearbeid. Han vil også vera rådgjevar for tenesteområda i kommunen når det gjeld kommunikasjon.

Det har lenge vore påpeika at Kvinnherad kommune manglar ein overordna og heilskapleg informasjonsstrategi. No vil det venteleg bli ei endring til det betre. Sætrevik har vore tilsett i Grenda i over 24 år. Håvard Sætrevik var 17. maitalar i Uskedalen i 2023 ( Sjå bilete )

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto