Håvard Bakke er oktobergjest i Senioruniversitetet - torsdag 13. okt. kl. 11 i Rosendal Samfunnshus.
Torsdag 13.oktober kl 11 i Rosendal Samfunnshus, kjem kvinnheringen Håvard Bakke til Senioruniversitet for å snakka om fagfeltet sitt som er genetikk og avlsarbeid. Han er utdanna sivilagronom og har ein doktorgrad i husdyravl. Dei siste ti-åra har han arbeidd med laks og akvakultur. Han kjenner historia og kan fortelje oss om den svært interessante utviklinga som har vore innan matproduksjon, både for planter og dyr. Bakke har stått sentralt i dette arbeidet og vil dela av kunnskapen sin med oss.Bakke seier sjølv om foredraget sitt:
- Tittelen er ” Avlsarbeid for effektiv matproduksjon”
- Genetikk er i dag eit avansert fagfelt, og kanskje mest kjent fordi ein har teke molekylærgenetikken i bruk innan medisinen. Men genetikk er også ein viktig reiskap i matproduksjonen både i plante- og husdyrproduksjonen. Gjennom god avl kan ein få ei betre ressursutnytting, meir og betre mat og friskare husdyr.
- Foredraget vil gi ei historisk oversikt over korleis ny kunnskap har kome til, og korleis denne er teken i bruk i landbruk og havbruk.
- Eg har i mange år arbeid i oppdrettsnæringa og foredraget vil fokusera på avlsarbeid på laks. Fiskeoppdrett er ei viktig næring for landet, og bidrar med mange arbeidsplassar i distriktet, og store eksportinntekter.
- Korleis ein driv avlsarbeid har stor betydning for ressursutnytting, helse og velferd hos dyra. Norge er kjent for godt avlsarbeid på storfe og svin, og kunnskap og erfaring frå arbeid med tradisjonelle husdyr har vore viktig i avlsarbeidet med laks.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal