Haustprogrammet vårt er aktivt og kjekt. Lagsarbeidet er godt i gang. Turen til Odda og Tjødnadalen Gard er alt unnagjort. Det same med Demensaksjonen og temeamøte om demens. Her kjem ein oversikt – faste arrangement og møte:

  • Måndgar kl. 11 – 12: Styrketrening
  • Tysdagar: Gågruppe og Kafe Tiaren etterpå.
  • Torsdagar i oddetalsveker: Strikk med oss – Gamleskulen frå kl. 11 til kl. 14.
  • Fyrste tysdagen i månaden: Medlemsmøte frå kl. 19.00.
  • Siste fredagen i månaden ( haust og vinter ) er det suppeservering og strikking for dei som ynskjer det. Dette vert annonsert etter kvart.
  • Ein del aktivitetar er helselaget med på, som t.d. Syng med oss på Rosendalstunet, samarbeid med Rosendal Helselag om å organisere foredragshaldarar og foredrag med ulike tema til ungdomsskuleelevane og livredningskurs til 10. klasse.

Dette er ikkje alt, på våren og forsommaren har vi andre faste aktivitetar. I tillegg er det andre aktivitetar som kjem på, både etter kvart som vi finn på nye ting, engasjerer oss med nye fokus.

Uskedal Helselag er eit lag der medlemmene deltek etter sine interessefelt og eigne engasjement, og det at vi er mange og ulike gjer at vi kan finna på mykje og få gjennomført mykje.

Tekst: Elin Legland
Foto: Illustrasjonsfoto
Nett: Kristian Bringedal