Haustprogrammet for Uskedal historielag.
Etter eit vellukka Utvandrarseminar laurdag 30. august er Uskedal historielag klar for resten av haustprogrammet. Hovudtema dette året er markering av Utvandrarjubileet 200 år med seminar, bok og vertskapsrollen for amerikabesøk. Her kjem planen for møta ut året:

- Måndag 29. september: Fotokveld – identifisering av eldre foto i samtaleform. Ta med foto for registrering og som vert vurdert brukt i komande årbøker.
- Torsdag 09. oktober: Jørn Øyrehagen Sunde fortel frå boka Forsvarstale for eit vondt mennske. Fleire døme frå Uskedalen som er omtalt i boka. ( Jfr. bilete på topp ). Møtet vert i Helgehim. Musikk og servering.
- Laurdag 18. oktober: Bokslepp i Helgheim m/ Torkel Stensletten, Uskedal Musikklag og Rustne Menn. Servering av heimebakst. Sal av boka Med von om eit betre framtid. Utvandring frå Uskedalen 1849 – 1966.
- Laurdag 15. november: Bokmesse v/ NORLI bokhandel på Husnes
- Måndag 01. desember: Julemøte m/ lokalt tema, song og enkel servering
Arbeidet i Skriftstyret og Arkivgruppa held fram. Mykje av tida fram til jul vil gå med til distibusjon og sal av utvandrarboka.
Hugs at det løner seg å vera medlem i Uskedal historielag. Gratis inngang på arrangementa. Redusert pris på bokkjøp. Meir informasjon på Facebook Uskedal Historielag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto