Dei som ynskjer det, kan få seg ein heilaftan med trerettars middag med haustsmakar. Krema soppsuppa til forrett, hjortegryta til hovedrett og eplekaka med is til dessert. Maten vert servert kl 19.00. Pris 699,- inkludert inngong til dans. Dei som berre ynskjer musikk, kan koma etter 20.30. Inngong kr 200,-

Olav Haralds er eit danseband frå Odda med trommis frå Rosendal. Her er det dei skriv: Vi ynskjer å laga god stemming på Perla med god dansemusikk. Nokre av låtane er.  On The Road Again, Jentene i Sunnhordaland, Lay back in the arms of somone og Som et lauv i et vindkast. Dette kan bli ein kjekk kveld for det vaksne publikummet på Vertshuset Perla. Aldersgrense: 23 år. Bordbestilling på sms til 470 12125

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal