Haustdag med nokre endringar - allsong med Rustne Menn på dagtid.
Haustdagen i Uskedalen går etter oppsett plan, men med nokre endringar. Arrangementet på Vetshuset Perla på kvelden går ut. Innslaget med Rustne Menn vert flytta til dagtid, kl. 14.00 laurdag 16. oktober. Med dette vert allsongen lagt til den siste timen av det som er haustdag med marknad, sal, boder og bilutstilling. Det er gratis inngang. Det er kafe med sal av kaffi, kaker og suppe.
Rustne Menn har lagt opp til allsong og nokre framføringar som solo. Tekstane er henta frå gruppa sitt eige hefte med tittelen Syng med. Det vert mellom anna henta fram tekstar og melodiar av kysttrubaduren Johannes Kleppevik.
Med dette er alle velkomne til ei gild allsongøkt på Perla laurdag 16. okt. kl. 14.00. Meir om programmet på haustdagen kjem i eige innlegg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto