
Haugland skulemuseum og Vonheim - eit besøksmål i utvikling. Franske gjester i veka - slektsgruppe i morgon.
Haugland skulemuseum saman med forsmalingshuset Vonheim er i utvikling til å verta eit populært besøksmål i Uskedalen. Vonheim, eit hus på flyttefot, og Haugland skule frå 1893 har kvalitetar mange set pris på. Skuleminne og minne frå bedehusa og ungdomshusa i krinsane er viktig for mange. Tidleg i denne veka var franske gjester i skulestova og fekk innføring i norsk skule med bakgrunn i Landsskulova frå 1860. I morgon kjem ei stor gruppe til Haugland og vil vera med på “Ein skuledag i gamle dagar”, eit dramapedagoisk opplegg skore ned til ein time. Det er ei slekstsamling i regi av familien etter Margit og Knut Eide.


Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal